OPP OG FRAM

Dalens beste forretningsidè skal fram i lyset gjennom «Start Upp Valdres» denne hausten.

Det er ei klasse for gründerar/bedrifter i oppstart og ei klasse for nyvinningar hjå allereie etablerte bedrifter – båe med kr. 50.000,- til den beste ideen.

FOR DEG MED GRÜNDERTANKAR ELLER ETABLERT BEDRIFT

INSPIRASJON

StartUpp Valdres har ein «pitchekveld» 27. september klokka 18:00 hjå Valdres Næringshage der alle som ynskjer å delta kan få med seg nokre gode råd på vegen frå erfarne folk i faget.

Påmeldingsfrist til sjølve konkurransen er 1. oktober, og det vert lagt opp til ei generalprøve hjå Valdres Næringshage 8. oktober.

FINALE

Finalekvelden er i klatreavdelinga hjå Valdres Storhall torsdag 11. oktober frå klokka 19:00. Maks fem minutt og maks fem slides er rammene for presentasjonen. Her er ei klasse for etablert bedrift og ei klasse for gründer.

Juryen vert leia av Kristin Krohn Devold, dagleg leiar i NHO Reiseliv.

 

Start Upp Valdres er eit samarbeid mellom Sparebank 1 Hallingdal og Valdres, Innovangsjon og Valdres Næringshage.

PREMIER

Vinnaren tek alt i StartUpp Valdres! Nærmare bestemt kr. 50.000 i kvar av dei to klassene øyremerka for å ta ideen din ut av startgropa og inn i marknaden. Gode idear som ikkje når heilt til topps får utviklingspakkar med rettleiing og gratis kontorplass. Publikum får på si side knallgode idear kombinert med kaffi og kake. Kva meir kan ein ynskje seg?

MELD DIN INTRESSE FØR 1. OKTOBER 2018

Det er gratis å være med i StartUpp VALDRES.

Epost: valdres@startupp.no

Evt. kontakt Hilde i Næringshagen og Dag Inge i Innovangsjon direkte.

hilde@valdres-nhage.no // 90018681

daginge@vangivaldres.no // 95873757